OGF har invitert Heine Nygard Riise ved IFE til å fortelja om potensiale for solenergi i Noreg.
Tid: onsdag 1. juni 2022, kl. 17:00
Stad: Aud. 1, Geologibygningen, Sem Sælands vei 1, Blindern, Oslo.
Ved: Heine Nygard Riise (IFE)
Overgangen til eit fossilfritt energisystem krev at vi utnyttar fornybare energikjelder i større grad enn i dag. Både vass-, vind- og solkraft kjem til å spele ei stor rolle i denne omstillinga for verda, Europa og Noreg. Særleg solkraft er løfta fram som ein viktig del av løysinga, seinast i REPowerEU-planen til EU-kommisjonen som beskriv korleis EU skal bli meir energiuavhengig. Solkraft har, i motsetnad til vanlege misoppfatningar, eit stort potensiale i Noreg både med tanke på det tekniske installasjonspotensialet, og med tanke på kor mykje solinnstråling vi mottar. Dette foredraget vil prøve å slå hol på denne myta om at Norge ikkje har nok sol. I tillegg til ein grundig gjennomgang av solressursen i Noreg, vil det bli gitt ein introduksjon til korleis ei solcelle fungerar, det tekniske potensialet for takmonterte solceller i Noreg, og moglegheitene for norske bakkemonterte anlegg. Det vil også bli tid til ein kort diskusjon av ulike framtidsscenario og kva desse vil ha å seie for energisystemet vårt.
Velkommen til nye og gamle medlemmer!